Ledige plassar på vidareutdanningane våre innan kultur og helse
Frå 20. juli kan du søkja på dei ledige plassane på vidareutdanningane våre i "Kunst og kultur i helse og omsorg" og "Musikkbasert miljøbehandling".
21. mai 2025
Alexandra Dahlen
Begge vidareutdanningane er på 15 studiepoeng, er samlingsbaserte og består av tre samlingar à tre dagar:
- 1. samling: 1.-3. september
- 2. samling: 6.-8. oktober
- 3. samling: 10.-12. november
Alle samlingane foregår på Nord universitet, Levanger. I tillegg vil den praktiske eksamenen for begge vidareutdanningane gjennomførast fysisk på Levanger. Dette inneber at studentane må planleggja for fire reiser til Levanger i løpet av vidareutdanningsløpet.
Eksamen MMB:
- Måndag 1. desember: Gruppeøving og førebuing.
- Tysdag 2. desember: Praktisk gruppeeksamen.
Eksamen KKHO:
- Tysdag 25. november: Praktisk gruppeeksamen.
- KKHO vil i tillegg ha ein heimeeksamen i desember. Dato for innlevering kjem.
Kunst og kultur i helse og omsorg
I den samlingsbaserte vidareutdanninga «musikkbasert miljøbehandling» kan du utforska korleis musikk, song og rørsle kan brukast som miljøbehandling innan både eldreomsorg, rusomsorg og psykisk helsevern. Forsking viser at desse metodane kan fungera mot depresjon, uro og utagering.



Studiet gir deg kunnskap og ferdigheiter i korleis musikk, song og rørsle kan vera både eit alternativ og eit supplement til tradisjonell medisinsk behandling – både som generelle miljøtiltak og som tilpassa behandling.
Du lærer å bruka musikk som eit effektivt arbeidsverktøy, med trening i stemmebruk, rytmikk og rørsle. Studiet gir også innsikt i påverkinga til musikken på hjerne, kropp og kjensler, særleg viktig i arbeid med personar med funksjonsnedsetjing og demens. I tillegg får du ei innføring i tverrfagleg samarbeid, ein nøkkel til heilskapleg behandling.
«Vidareutdanninga passar for alle som jobbar med menneske, anten det er i skule, eldreomsorg, barnehage eller andre helseinstitusjonar. For dei som ønskjer nye perspektiv og enkle verktøy for å møta menneska dei jobbar med på ein kreativ og inkluderande måte som fremjar helse. Vidareutdanninga passar også for dei som interesserer seg for den instrumentelle verdien i estetiske fag.» – Caroline Margrethe Grønbekk
>> Les meir om vidareutdanninga «Kunst og kultur i helse og omsorg»
Musikkbasert miljøbehandling
Ved å bruka kunst og kultur systematisk, kan du få ein lettare arbeidskvardag med fleire nye verktøy i innerlomma.



Studiet «Kunst og kultur i helse og omsorg» gir kunnskap om kunst og kultur både som kjelde til livsmeistring og «wellbeing», og dessutan kompetanse på korleis kunst- og kulturuttrykk kan brukast systematisk i helse- og omsorgsfagleg arbeid. Studiet vektlegg utvikling av handlingskompetanse for å planleggja og gjennomføra kulturtiltak på eiga hand og i samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar.
Emnet gir innføring i kunnskap og styrkar og utvidar handlingskompetanse studenten allereie har. Målgruppa er sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, sosionomar, ergoterapeutar, kulturskulelærarar, kulturarbeidarar og andre som vil bruka kulturtiltak i aktiviteten sin.
«Dette studiet passar for alle! Om du jobbar med barn, ungdom, vaksne, eldre eller menneske med spesielle utfordringar, kan musikkbasert miljøbehandling vera relevant. Sjølv pårørande kan dra nytte av kunnskapen.» – Mai Cecilie Egeland
>> Les meir om vidareutdanninga «Musikkbasert miljøbehandling»
Søk gjennom Samordna opptak
19. juli blir ledige studieplassar lagt ut på nettsidene til Samordna opptak. Du kan søkja på ledige studieplassar frå 20. juli kl. 09.00.
Det er løpande opptak. Det vil seie at du må søkje så raskt som mogleg frå dette tidspunktet. Viss det er fleire søkjarar enn ledige studieplassar, vil ikkje alle få tilbod om studieplass. Det er dei første som har søkt som blir vurdert for tilbod.