Statsbudsjettet 2024: Meir satsing på kulturelle verkemiddel i helse- og omsorgssektoren

Av Alexandra Dahlen | 6. oktober 2023

Regjeringa foreslår å gi Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg ein auke på til saman kr 400 000.

Marit Stranden og Alexandra Dahlen står på stand under konferansen Drivkraft.
Dagleg leiar Marit Stranden og kommunikasjonsrådgivar Alexandra Dahlen mottak den gode nyheita medan dei stod på stand under konferansen Drivkraft.

Regjeringa Støre la fram forslaget sitt til statsbudsjett for 2024 fredag 6. oktober kl. 09.00.

Den årlege løyvinga på kompetansesenteret blir foreslått heva frå 3,1 millionar kroner til 3,3 millionar kroner. Vidare blir det foreslått å auka løyvinga for hovudprosjektet på kompetansesenteret Opplæringsprogrammet musikkbasert miljøbehandling frå 5,1 millionar kroner til 5,3 millionar kroner. Den foreslått auken i tilskota er ei kjærkommen vidareføring av auøkinga frå i fjor, sidan tilskotet tidlegare ikkje har vore prisjustert sidan etableringa av senteret i 2014.

– Dette er ei anerkjenning av arbeidet som blir gjort og ei stadfesting for partnarskapet som står bak senteret, seier styreleiar Hilde Munkeby, som representerer Nord universitet i partnarskapet.

– Ei heving av den årlege løyvinga til kompetansesenteret vil gi eit større handlingsrom til å utvikla og synleggjera bruk av kulturelle verkemiddel i helsesektoren.

Ei god nyheit for senteret

Dagleg leiar, Marit Stranden, fekk den gode nyheita medan ho stod på stand på Drivkraft som er konferansen frå Trøndelag fylkeskommune for kultur, folkehelse og frivilligheit.

Fylkeskommunen er òg ein partnar i kompetansesenteret, saman med Levanger kommune, Helseforetaket Nord Trøndelag og HUNT-forskingssenter ved NTNU.

-No gler me oss til å planleggja aktiviteten med auka rammer for 2024 og me er stolte over at tidsskriftet vårt Nordic Journal of Arts, Culture and Health vart nemnd i forslag til statsbudsjett, seier Stranden.

Prosjektleiar Vegar Rangul som er på forskingskonferanse i Finland blei også glad for den gode nyheita:

– Det er veldig fint at regjeringa fører vidare satsinga på det nasjonale opplæringsprogrammet om miljøbehandling med integrert bruk av musikk, song og rørsle.

– Dette betyr at tilsette i helse og omsorg framleis har høvet til å læra seg å bruka musikk, song og rørsle som verktøy og metode i den daglege pleia og omsorga.

ABC for god psykisk helse

Det første av dei fem overordna måla til regjeringa for helse- og omsorgspolitikken er; God helse og meistring i befolkninga, uavhengig av sosial bakgrunn. Eit av verkemidla for å redusera delen av befolkninga med låg livskvalitet er å vidareutvikla fellesarenaene i samfunnet som gir aktivitet, fellesskap, engasjement og opplevingar for alle. Her skal Trøndelag fylkeskommune på vegner av Folkehelsealliansen i Trøndelag gjennomføra piloten «ABC for god psykisk helse – ein folkehelsekampanje».

– Er du nysgjerrig på denne metoden og forskingsgrunnlaget for den helsefremjande effekten til kulturen, så sjå webinaret vårt «Kulturdeltaking for god helse» tysdag 10. oktober på Verdsdagen for psykisk helse, seier Stranden, som vart valt inn i arbeidsutvalet i alliansen på årsmøtet i går.

Det står følgjande i forslag til Statsbudsjett 2024:

«Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg
Kompetansesenter for kultur, helse og omsorg er et avtalefestet partnerskap mellom HUNT forskningssenter, Levanger kommune, Trøndelag fylkeskommune, Helse Nord-Trøndelag og Nord universitet. Senteret skal bidra til utvikling og spredning av miljøterapeutiske behandlingstiltak.

Nord universitet har siden 2015 videreutviklet opplæringsprogram i musikkbasert miljøbehandling for ansatte i helse- og omsorgstjenestene og bidratt til utvikling av systematisk kunst- og kulturtiltak som fremmer helse og livskvalitet hos brukere av helse- og omsorgstjenestene. Kompetansesenteret har i 2022 holdt kurs i miljøbehandling med integrert bruk av musikk, sang og bevegelse og nådd ut til personer i alle landets fylker.

Videre har de arbeidet med tidsskriftet Nordic Journal of Arts, Culture and Health innen kultur, helse og sosial inkludering samt bidratt til å spre forskning og praksiserfaringer via ulike kanaler.

Det ble bevilget 3,2 millioner kroner i saldert budsjett for 2023. Det foreslås å videreføre 3,3 millioner kroner til Nord universitet på vegne av partnerskapet for Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg i 2024. Tiltaket inngår i Kompetanseløft 2025.»

«Miljøbehandling og integrert bruk av musikk og sang
Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg er ansvarlig for opplæringsprogrammet Musikkbasert miljøbehandling. Formålet med programmet er å videreutvikle og spre opplæringsprogram om miljøbehandling og integrert bruk av musikk og sang til ansatte i helse- og omsorgstjenestene. Studier viser at systematisk og integrert bruk av musikk og sang i miljøbehandling kan fungere mot uro og depresjon og redusere bruken av psykofarmaka.

I 2022 deltok 719 personer fra alle fylker på opplæringsprogrammet. Pga. pandemien var det fortsatt utfordringer knyttet til kommunenes prioriteringer av kompetanseheving i 2022.
Det ble bevilget 5,1 millioner kroner i saldert budsjett for 2023. Bevilgningen til opplæringsprogrammet foreslås videreført med 5,3 millioner kroner i 2024. Tiltaket inngår i Kompetanseløft 2025.»

Relaterte artikler

helse-nordtrondelag
ntnu
hint
levanger
Stående_farge (1)