Med nye verktøy i arbeidskvardagen

Av Alexandra Dahlen | 12. september 2023

Sjukepleiar Ragnhild Jøndal Bjertnæs bruker det ho har lært i musikkbasert miljøbehandling for å fremme søvn, skapa ro og fokus, og bidra til fellesskap og glede. 

Ragnhild BjertnæsNamn: Ragnhild Jøndal Bjertnæs

Stilling: Sjukepleiar

Arbeidsstad: Heimesjukepleia, Vågå kommune

Kurs/vidareutdanning: Vidareutdanning i MMB hausten 2021

Kva er det beste med jobben din?  
Det beste med jobben min er at eg har moglegheit til å gi hjelp som verkeleg betyr noko for kvar enkelt. Ein kjem tett på den enkelte, og det gir moglegheit til å gi nær og personleg omsorg og pleie. Elles likar eg godt at det er variert, med både tekniske sjukepleieoppgåver og meir reine omsorgsbaserte oppgåver. Ein får brukt heile seg.

Kvifor tok du vidareutdanning i MMB?  
Eg tok vidareutdanning innan musikkbasert miljøbehandling i utgangspunktet for å kunna kombinere mi interesse for musikk med yrket mitt. Eg har spelt toradar «heile livet», og veit kor mykje musikk kan gjera for både pasientar og pårørande. Eg har sjølv sett korleis musikk kan bidra til å skapa ro i urolege situasjonar, og overføre fokus til eit sunt engasjement i livet her og nå hjå demente. Eg ønska meg ein meir fagleg bakgrunn for kvifor musikk verkar så bra.

Korleis opplevde du vidareutdanninga?  
Eg hadde ei veldig positiv oppleving av utdanninga. Vi fekk mykje fagleg innsikt i bakgrunn for at musikk verkar, kva det kan verke på, og innspel på korleis vi kan bruke musikk i arbeidskvardagen og ulike situasjonar vi står i.

Kva har du lært, og korleis har du tatt i bruk ny kunnskap? 
Gjennom vidareutdanninga i musikkbasert miljøbehandling lærte vi korleis musikk påverkar hjernen og korleis vi kan bruke musikk til å roe, aktivere, sleppe fri følelsar og minner. Vi lærte om musikk i forbindelse med sjukdommar og tilstander som f.eks. demens, psykiske vanskar, Parkinson, utviklingshemming, kriser og meir. Forelesarane viste oss korleis musikkbasert miljøbehandling kan bli brukt på ein sjukeheim i det daglege, og lærte bort teknikkar for korleis vi skulle ta i bruk musikken i arbeidskvardagen vår.

I det daglege når eg møter folk i heimane sine har eg tatt i bruk det eg har lært gjennom vidareutdanninga både for å roe aggresjon, få opp «piffen» hjå somme som berre vil ligge på grensa til depresjon, fremja søvn, til ro og fokus hjå folk med angst, til å «starte att» folk med Parkinson som får den typiske «stoppen» i bevegelsen sin, til å aktivere musklar, starte positiv aktivitet, bidra til fellesskap og glede og minner. Det fine er at eg synes eg ser enda meir i kvar enkelt etter at eg tok denne utdanninga.

Vinteren 2023 var eg med på å starte eldrekor i bygda, i samarbeid med kommunens demensomsorg for heimebuande demente og Kristin Hagen som eg studerte musikkbasert miljøbehandling saman med. Her har eg ei meir attendetrekt rolle. Eg har null sjølvtillit til eigen stemme og nervøsiteten tek overhand som korleder, så det er bra å samarbeide med Kristin som tar det songfaglege og eg det demensfaglege.

Har du ei oppleving med MMB som har gjort spesielt inntrykk på deg? 
Det må vera den demente karen som var så sint og aggressiv mot kona si at ho ringte heimesjukepleia. Det såg nesten ut som vi måtte bruke tvang og makt. Men ved berre å setje på yndlingssongen på YouTube slo humøret tvert om og han vart rolegare og rolegare og etterkvart blid og glad. Slik fekk ogso kona eit nytt verktøy.

Kven passar vidareutdanninga for?  
Vidareutdanninga passar for alle som jobbar med folk, og truleg alle som jobbar med musikkformidling.

 

Les meir:

 

Relaterte artikler

helse-nordtrondelag
ntnu
hint
levanger
Stående_farge (1)