Nytt kor i Vågå – inspirert av “Demenskoret”

Av Kari Margot Odnes, Fjuken | 2. mai 2023

Faksimile: Artikkel fra avisa Fjuken.Om lag 25 seniorar har i løpet av vinteren og våren vore med i eit nytt lågterskeltilbod på Vågå frivilligsentral. Ført an av to unge damer med utdanning i musikkbasert miljøbehandling.

Inspirert av fjernsynsprogrammet «Demenskoret» på NRK fekk Inger Kari Sæta på Frivilligsentralen og Bodil Sagsletten på Dagsenteret i Sjårdalen i gang korsong for seniorar denne vinteren.

– Song og musikk er viktig som kognitiv trening. Det er fokuset i dette programmet, og det er meininga bak dette tilbodet òg, seier Sæta og Sagsletten.

Samtidig presiserer dei at dette ikkje er berre for demente, men alle seniorar som har lyst til å syngje. I eit unisont kor. Ikkje fleirstemt. Og dei er svært glade for å ha Kristin Akslen Hagen og Ragnhild Jøndal Bjertnæs med seg til å leie songstundene, som er måndagar i oddetalsveker. Desse damene speler gitar og toradar, og har teke utdanning i musikkbasert miljøbehandling i Levanger.

Det var berre Kristin som var til stades da Fjuken var innom. Ho tykkjer det er interessant å kunne bruke musikk i behandling, og sjå korleis musikken kan gle folk. Sjå at dei kviknar til.

– Vi har lært om korleis vi kan bruke musikken i eldreomsorg. Og spesielt for dei med demens og Parkinson. Men òg innan psykisk helse og sinnemeistring, fortel ho.

Med gitaren og Tina Sunde Nordby på piano stemte dei i songar som «Lys og varme», «Jag trodde änglarna fanns», «Deg å få skode» og «Markje grønast». Sistnemnte vart det litt diskusjon rundt, om kva for versjon dei skulle ta. Dei enda opp med den gamle og mest kjende for dei fleste.

– Koret får vere med å bestemme kva vi syng. Så her blir det både salmer, livate songar, norske, svenske og lokale, smiler Kristin.

Songarane verka til å kose seg der dei smilande syng med stemma dei har, og kroppen rører seg rytmisk med.

– Dette er eit kjempemessig tiltak, kjem det frå Kai Valbjør, som er leiar i Vågå Demensforeining.

Han trekte vidare fram det å få koma saman å ha ei hyggeleg stund i lag.

Noko Birgitte Elda, Marie Lillebråten, Anne Marie Ramen og Ragnhild Skamsar og påpeikte.

– Det er godt å kome ut blant folk. Eit sosialt og fint tiltak. Vi kjenner att dei fleste songane. Og er det ein song vi ikkje kan, så får vi lært noko nytt, smiler damene tilfreds.

Demenssjukepleiar Bodil Sagsletten og aktivitør Tove Kleiven Sagdalen, på Dagsenteret for heimebuande med demens, tek med seg gjengen frå der på songtreffane på Frivilligsentralen som ein del av opplegget deira.

– Vi ser at song er bra for språket og hukommelsen. Sjølv om ord blir borte, så sit songtekster som støypt. Orda kjem att utan problem. Musikk er heilt klart viktig. På Dagsenteret i Sjårdalen spelar vi CD-ar og syng kvar dag, fortel dei og oppmodar fleire til å bli med på Frivilligsentralen.

I juni er koret invitert med på Vågå sangkor sitt 100-årsjubileum.

– Det tykte vi var så smigrande, at det kunne vi ikkje seie nei til, kan Sagsletten fortelje.

 

Saken er skrevet av Kari Margot Odnes. Saken stod på trykk 27. april 2023 i Fjuken.

Relaterte artikler

helse-nordtrondelag
ntnu
hint
levanger
Stående_farge (1)