20. august 2026
Kunst og helse er eit breitt og tverrfagleg forskingsfelt som strekkjer seg frå biologi og hjerneforsking til kulturstudiar og kunstnariske uttrykk som musikk, dans og litteratur. Handboka har samla bidrag frå forskarar innan ei rekkje disiplinar og gjev ei oversikt over korleis kunst og kultur påverkar helse og livskvalitet.
Boka består av fem delar og 34 kapittel. Den første delen omtalar historia til feltet. Del to gjev skildringar av praktisk arbeid med kultur. I meldinga skriv Theorell at del tre tek oss gjennom heile livsløpet, med detaljert innføring i nyare forsking. Del fire handlar om korleis kultur blir integrert i helsefag og andre yrkesgrupper. Del fem utforskar teoretiske spørsmål og perspektiv.
I meldinga trekkjer Theorell fram utvalde kapittel og tema. Boka understrekar og behovet for kritisk forsking og etisk medvit i feltet. Kultur og helse har stort potensial, men krev solide metodar og refleksjon kring korleis tiltak påverkar deltakarane.
Theorell etterlyser ei breiare geografisk representasjon i forskinga. Han peikar på at dei fleste forfattarane kjem frå engelsktalande land (USA, Storbritannia, Australia, Sør-Afrika, India og Canada), medan Tyskland, Skandinavia, Frankrike, Italia og Spania er lite representerte. Han peikar også på at fleire viktige felt ikkje er representert i boka, mellom anna forsking på korleis kultur påverkar emosjonell kompetanse og genetiske/epigenetiske aspekt ved kunst og kulturaktivitet. Likevel framhevar han boka som viktig for fagfeltet.
– Denne handboka vil bli ein viktig rettleiar for alle innan feltet, frå klinikarar og praktikarar til forskarar, skriv Theorell.
Om Nordic Journal of Arts, Culture and Health
Det nordiske tidsskriftet Nordic Journal of Arts, Culture and Health er ein arena for publisering og debatt innan det tverrfaglege fagfeltet kunst og kultur i samband med fysisk og psykisk helse, sosial inkludering og helse- og omsorgsarbeid.
Tidsskriftet skal:
- styrkje kunst-, kultur- og helsefeltet i dei nordiske landa
- bidra til auka kunnskap på feltet i eit nordisk perspektiv
- dokumentere pågåande prosjekt for å sikre at verdifull kunnskap blir teken vare på og delt
- gi politikarer i dei nordiske landa eit forskingsgrunnlag til bruk i politikkutvikling
Fagfellevurderte artikler blir publiserte på engelsk, medan fagartiklane også blir publiserte på dansk, norsk og svensk. Tidsskriftet kan lesast på Scandinavian University Press.
Artiklane blir publisert av Universitetsforlaget på vegner av Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg (juridisk eigar), i samarbeid med Høgskulen i Volda, Primärvården Skåne, Aalborg universitet, Kungl. Musikhöskolan i Stockholm, Turku University of Applied Sciences (TUAS), Kulturforvältningen, Region Stockholm og The University of the Arts Helsinki.