Ny pott på 70 millionar kroner til aktivitetstilbod for eldre
Driv du frivillig eller ideell organisasjon, kan du no søkje støtte til aktivitetstilbod av eller for eldre.
11. mars 2026
Tilskotsordninga er på 70 millionar kroner og har som mål å dekkja mangfaldet i eldrebefolkninga. Det vil seia både aktive pensjonistar som ønskjer å delta som frivillige, og eldre som treng meir tilrettelagde tilbod. Tilbodet skal også bidra til å avlasta pårørande.
Den nye tilskotsordninga er ein del av regjeringas «Eldreløft» og skal bidra til å oppfylla aktivitetsgarantien i «Bo trygt heime»-reforma. Målet er å fremja fysisk og sosial aktivitet, og gi fleire eldre høve til å delta og bidra i det frivillige.
Det er Helsedirektoratet som forvaltar tilskotsordninga.
Ny ordning – nye moglegheiter for samarbeid?
I 2026 vedtok regjeringa å leggja ned «Opplæringsprogrammet musikkbasert miljøbehandling», og Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg fekk då beskjed om at dei kunne søkje midlar innanfor denne nye tilskotsordninga i staden.
– Dessverre så viser det seg at me ikkje kan søkja på aktivitetsmidlane for eldre. Dei er reserverte for frivillige og ideelle organisasjonar, seier dagleg leiar Marit Stranden.
Ho vil gjerne tipse andre om å søkje midlar.
– Dersom nokon ser etter ein samarbeidspartnar, bidreg me gjerne med opplæring i systematisk bruk av kulturbaserte tiltak, som musikkbasert miljøbehandling eller meir kunstbasert rørsle i kvardagen.