27. mai 2025
Alexandra Dahlen
Målet med seminaret var å gi deltakarane inspirasjon og fagleg innsikt i breidda av musikkbasert miljøbehandling, både når det gjeld målgrupper, tilnærmingar og tiltak.
– Vi ønskte å skapa eit fagleg fellesskap, prega av kunnskapsdeling og praktisk inspirasjon, seier Marit Stranden, dagleg leiar ved Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg.
Seminaret inneheldt både faglege foredrag, praktiske øvingar og møteplassar for nettverksbygging.
Musikkbasert miljøbehandling som meistringsmedisin og eigenomsorg
Lege, forfattar og foredragshaldar Audun Myskja delte innsikter om musikkens verknad på hjernen og korleis musikk kan brukast til å bryte negative mønster.
Han inspirerte deltakarane med sin engasjerte presentasjon som veksla mellom døme frå praksis, musikalske innslag og innhaldet i meistringsmedisin.

– Meistringsmedisin opnar for kompleksiteten i det som gjer menneskjer sjuke, og det som byggjer helse over tid. Kosthald, trening, søvn og å takla stress er viktig, men meistringsmedisin handlar også om tankar, kjensler og verdiar, understreka Myskja.
– Meistringsmedisin er ikkje berre primært for helsevesenet – det er for samfunnet. Det er eit utgangspunkt for å utvikle verktøy til å løysa dei mest presserande problem vi slit med i dag.
Han er oppteken av å sjå heile menneske, støtte opp om menneskets eigne ressursar og tilby individuelt tilpassa verktøy for meistring og betring.
Nyare forsking
Ingrid S. Følling presenterte ei ny kvalitativ studie om helsepersonells erfaringar med bruk av musikkbasert miljøbehandling i norske sjukeheimar.
– Musikkbasert miljøbehandling har eit stort potensial. For å lukkast, må vi forstå korleis metoden best kan integrerast i praksis og tenesteorganisering, sa Følling.
Kristi Stedje presenterte doktorgradsavhandlinga si, der ho har undersøkt korleis heimebaserte, delte musikkopplevingar påverkar parforhold der den eine parten har demens.
– Å dela musikk kan styrke parforholdet ved å betre kommunikasjonen, auke kjensla av tilknyting, forsterke positive kjensler, gi håp og skape rom for gjensidig påverknad. Samstundes kan det også synleggjera sårbarheiter og vanskelege kjensler, forklarte Stedje.
Erfaringsdeling frå praksisfeltet
For å gi deltakarane inspirasjon og nye idéar, blei fleire personar med erfaring frå musikkbasert miljøbehandling (MMB) inviterte til erfaringsseminaret. Dei delte innsiktsfulle forteljingar om korleis dei har teke i bruk metoden i sine eigne kommunar og på ulike arbeidsplassar. Dette ga eit verdifullt innblikk i både utfordringar og suksesshistorier frå praksisfeltet.

Ei av dei inviterte var Kristin Haugdahl Nøst, avdelingsleiar på Ytterøy helsetun. Ho har brukt metoden sidan ho, saman med Audun Myskja, testa ut metoden for 20 år sidan. Under seminaret delte ho erfaringar med implementering, kursing og korleis MMB kan bli ein del av dagleg drift.
– Vi har sett redusert bruk av psykofarmaka, mindre sjukefråvær og færre tvangsvedtak etter innføringa av MMB, fortalde Nøst.
Frå Lillehammer kommune presenterte Cathrine Dunker Furuly, utviklingskoordinator ved Aktiv aldring i Lillehammer kommune, korleis dei har starta arbeidet med å implementere MMB i eldreomsorga. May Glad Lien, prosjektmedarbeidar ved Nasjonalt senter for Aldring og helse, bidrog med innsikt i korleis systematisk miljøbehandling kan strukturerast i praksis.
I tillegg delte Stefan Ingerslev, demenskoordinator og musikkterapeut ved Senter for Rehabilitering og Akuttpleie i København, erfaringar frå bruk av MMB i rehabilitering og palliasjon, og korleis han jobbar med å tilpassa metoden til danske forhold.
Praktisk aktivitet
I tillegg til teori var det sett av tid til praktisk påfyll. Universitetslektor Charlotte Stav og aktivitetskoordinator Laila Therese Stenset leia deltakarane gjennom ein workshop om helsekor som metode, der deltakarane fekk prøva ut ulike øvingar i praksis.
Line Kanaris og Kari Anne Vadstensvik Bjerkestrand leia workshopen «Det bevegelege deg» som gav innsikt i korleis ein kan integrere bevegelse og dans i kvardagen.
– Eg trur mange kjenner seg igjen i å ta kroppen for gitt, at han berre skal fungera og prestera. Me legg først merke til den når noko gjer vondt, eller når me er slitne og stressa, sa Kanaris.
– Me vil visa korleis rørsle og dans kan vera eit viktig verktøy for å skapa pusterom i kvardagen. Augneblink der me faktisk gir oss tid til å lytta til kroppen og vera til stades. Rørsle er ikkje reservert for dei få, men er ei grunnleggjande menneskeleg uttrykksform som gjeld oss alle.
Ho trur at ved å integrere meir rørsle i kvardagen, kan fleire oppleve auka nærvær, betre kroppsleg medvit og ein djupare kontakt med seg sjølv og omverda.
>> Prøv øvingane frå “Rørsle for eigenomsorg” (pdf). Sju filmar som kan hjelpa deg med å fremja eigenomsorg ved å styrkja kroppskontakten på ein enkel og verknadsfull måte i kvardagen.
Deltakarane fekk også høve til å utveksle erfaringar med kvarandre gjennom gruppediskusjonar.
Kurs i MMB og neste års erfaringsseminar
Ønskjer du å lære meir om musikkbasert miljøbehandling? Hausten 2025 startar senteret opp fleire kurs.
– Me har ledige plassar på begge vidareutdanningane våre, både “Musikkbasert miljøbehandling” og “Kunst og kultur i helse og omsorg”. I tillegg startar vi opp eit nytt kurs i MMB i Oslo i september, fortel Stranden.
Neste års erfaringsseminar blir arrangert 21.–22. april 2026, og vil som før setje fokus på fag, inspirasjon og fellesskap.
– Både erfaringsseminaret og kurset er ope for alle som er interessert i feltet, både dei erfarne, dei nye og dei som berre er nysgjerrige på kva musikkbasert miljøbehandling er, legg Stranden til.