Sjå webinaret: «Kulturdeltaking for god helse»
I samband med Verdsdagen for psykisk helse inviterer me deg til å sjå webinaret «Kulturdeltaking for god helse».
okt 10, 2023
Alexandra Dahlen
Verdsdagen for psykisk helse er ein nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse, som blir markert over heile landet i veke 39-42 kvart år.
Årets kampanje av Verdsdagen for psykisk helse oppmodar til å gjera våre viktigaste møteplassar meir inkluderande. Sosial støtte kan redde liv, særleg i urolege tider. Me har alle eit ansvar for å laga plass til fleire.
I webinaret vil du få høyra:
- Prosjektleiar Hanne Vilja Sagmo fortelja om folkehelsekampanjen «ABC for god psykisk helse».
- Førsteamanuensis Vegar Rangul fortelja om betydninga til kulturen for helse på folkehelsenivå.
- Førstelektor Grete Daling vil fortelja om prosjektet «Syng deg friskare».
Du vil òg få høyra nokre ord frå Petter Hoel Holt, koordinator ved Aktivitetshuset i Levanger kommune.
Ingvild Radwan, frivilligkoordinator i Levanger kommune, leiar oss gjennom webinaret.