Sjå webinaret: «Kulturdeltaking for god helse»

I samband med Verdsdagen for psykisk helse inviterer me deg til å sjå webinaret «Kulturdeltaking for god helse».

10. oktober 2023

Alexandra Dahlen

Verdsdagen for psykisk helse er ein nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse, som blir markert over heile landet i veke 39-42 kvart år.

Årets kampanje av Verdsdagen for psykisk helse oppmodar til å gjera våre viktigaste møteplassar meir inkluderande. Sosial støtte kan redde liv, særleg i urolege tider. Me har alle eit ansvar for å laga plass til fleire.

>> Sjå webinaret på Youtube

I webinaret vil du få høyra:

  • Prosjektleiar Hanne Vilja Sagmo fortelja om folkehelsekampanjen «ABC for god psykisk helse».
  • Førsteamanuensis Vegar Rangul fortelja om betydninga til kulturen for helse på folkehelsenivå.
  • Førstelektor Grete Daling vil fortelja om prosjektet «Syng deg friskare».

Du vil òg få høyra nokre ord frå Petter Hoel Holt, koordinator ved Aktivitetshuset i Levanger kommune.

Ingvild Radwan, frivilligkoordinator i Levanger kommune, leiar oss gjennom webinaret.